Strukturert rettleiing for nyutdanna lærarar
Eit eksternt rettleiingstilbod som gir struktur i profesjonsrolla og reduserer risiko for praksisjokk.

Tilbodet er utvikla for å kunne fungere som eit supplement til skulen si interne oppfølging av nyutdanna lærarar.
Om tilbodet
Dette rettleiingstilbodet er utvikla med utgangspunkt i erfaring frå skulekvardagen – ikkje teori.
Gjennom arbeid som lærar, teamleiar og i leiing har eg sett eit tydeleg mønster:
Mange nyutdanna lærarar har god fagleg kompetanse, men manglar struktur i profesjonsrolla.
Utfordringane handlar sjeldan om evne.
Dei handlar om rolleforståing, relasjonelt ansvar, presisjon i handling og belastning over tid.
Rettleiinga tek utgangspunkt i desse kjerneområda, og gir deltakarane eit konkret rammeverk for å analysere og handtere situasjonar i kvardagen.
Målet er ikkje å gi fleire råd, men å utvikle profesjonell stabilitet – slik at læraren kan stå tydelegare i rolla si over tid.
Eg har over 13 års erfaring frå skulen, både som lærar og i leiing.
Eg har arbeidd tett med nyutdanna lærarar og sett korleis mange av dei same utfordringane går igjen – uavhengig av skule og kontekst.
Denne rettleiinga er utvikla på bakgrunn av praktisk erfaring frå klasserommet, kombinert med arbeid med struktur, prestasjon og regulering i krevjande situasjonar.
Kjerneområda i rettleiinga

Rolle og relasjon
Ansvar og struktur
Klarlegging av læraren sitt mandat og ansvar i møte med elevar.
Korleis halde struktur i eit asymmetrisk forhold – utan å gjere situasjonar personlege.

Handling
Presisjon i krevjande situasjonar
Korleis svare roleg og tydeleg når det oppstår motstand, uro eller konflikt.
Fokus på gjennomføring framfor reaksjon.

Belastning
Berekraft over tid
Korleis forvalte energi og ambisjon i ein krevjande kvardag.
Fokus på prioritering og stabilitet gjennom skuleåret.
Desse tre områda gir eit felles språk for å analysere og handtere situasjonar i kvardagen.
Strukturert rettleiing for nyutdanna lærarar
Eit eksternt rettleiingstilbod som gir struktur i profesjonsrolla og reduserer risiko for praksisjokk og unødvendig belastning.
Korleis rettleiinga fungerar
Oppstart
IAvklaring og tilpassing
Kort samtale med skulen for å avklare behov, kontekst og deltakarar.
Tilbodet blir tilpassa den aktuelle situasjonen
Rettleiing
Strukturert arbeid med praksis
Gjennomføring av 4–6 digitale rettleiingssamtalar (Teams).
Fokus på konkrete situasjonar frå kvardagen.
Utvikling
Frå situasjon til struktur
Deltakarane arbeider med å analysere og handtere situasjonar ved hjelp av eit enkelt rammeverk.
Målet er auka presisjon, tydelegare rolle og betre stabilitet over tid.
Rettleiinga er profesjonsretta og tek utgangspunkt i faktisk praksis – ikkje generelle råd.
Utgangspunkt for rettleiinga
Rettleiinga er utvikla med utgangspunkt i erfaring frå skulekvardagen, der dei same utfordringane går igjen hos nyutdanna lærarar:
• Utydeleg rolle i møte med elevar
• Situasjonar som blir handtert reaktivt
• Høg belastning over tid
• Unødvendig tvil på eigen meistring
Fokuset er å gi struktur i desse områda – slik at læraren kan stå tydelegare og meir stabilt i rolla si.
Berre halde deg oppdatert?
Pilot og samarbeid
Pilot (haust)
3 månader rettleiing
4 digitale samtalar
Små grupper (1–4 deltakarar)
Fokus på struktur og praksis
Vidareføring
6–7 samtalar ut skuleåret
Tettare oppfølging
Arbeid med utvikling over tid
Byggjer profesjonell stabilitet
Tilpassa samarbeid
Kan integrerast i skulen si oppfølging
Tilpassast behov og kontekst
Dialog med leiing
Fleksibel modell
